Syrefarge

Klart den delen av farginga som Caroline likar best. Her er det uendelege moglegheiter til å få skapa fargar. Og det går mykje raskare enn plantefarging.

Det vert kalla syrefarge av ein enkel grunn. Vatnet garnet skal fargast i må vera surt. Det kan gjerast surt med eddik eller sitronsyre. Eddiken har nokon gonger vist seg å gje klarare fargar enn sitronsyra, men det er lettast å ty til sitronsyra, for då slepp du at huset luktar eddik i dagar etter siste fargebad er ferdig.

Fargane kjem i boksar som pulver. Dette rørast ut i vatn og garn og farge varmast opp til mest kokepunkt (ull bør ikkje kokast, då kan fibrane verta øydelagde) og holdt der ei lita stund før det kjølast ned. Det er fritt fram for å eksperimentera med fargar og kombinasjonar. Nokre gonger ønsker me å ha hespler som er einsfarga og andre gonger ønsker me fleirfarga garn. Og som sagt tidlegare i Om oss, så likar me ikkje svinn. Me brukar difor opp alle fargepigmenta i grytene, så når me er ferdige å farga det me hadde på planen og det framleis der farge att i grytene, då brukar me det opp og får garn som ein aldri vil klara å laga like att. Desse vert det heller ikkje laga mange hespler av kvar av, men dei er ikkje mindre fine av den grunn ?

Og når fargen er ute av vatnet, kan me og bruka vatnet om att for å spara på vatn. Det er ikkje til å stikka under ein stol at det går mykje vatn til garnfarging og då er det fint å spara der ein kan.

Som ved plantefarging, kan me prøva å laga same farge to gonger, men det vil aldri verta heilt likt, sjølv om ein er aldri så nøye med oppmåling av fargepulver. Difor er det lurt å skaffa seg nok garn til prosjektet med ein gong for å vera sikker på at det kjem frå same gryte.

Alt garn er skylt og vaska før salg, men det kan likevel henda at det er litt restfarge att.