Plantefarge

Å farga med planter er kjekt på så mange måtar. Det er herleg å gå tur i naturen og sjå kva plantar me har og plukka dei med seg heim for å koka fargesuppe på dei. Og det er spanande å sjå kva som hender når du legg garnet oppi gryta og fargane festar seg til fibrane.

Det er i stor grad mogleg å kunna forutsei kva fargenyanse ein kan få av dei ulike plantane, men det er ikkje mogleg å gjenskapa nøyaktig like fargebad. Difor er det ikkje mogleg å etterbestilla akkurat same valøren dersom det er utsolgt.

Det er meir tidkrevande å farga med planter enn med syrefargar. Først må ein anten ut på tur og plukka med seg kilovis av ulike plantar, klippa dei opp i små betar og koka fargesuppe i 1 til 2 timar av dei. Garnet som skal leggast oppi må vera vaska og klargjort med mange bunttrådar slik at hesplen ikkje viklar seg saman og garnet må vanlegvis vera beisa = forbehandla i ei gryte med beisemiddel i 1-1,5 time slik at fargen seinare kan festa seg til ulla og ikkje vert vaska av i første vask. Deretter vert garnet lagt i fargesuppa og varma opp til ca 90 grader. Denne temperaturen skal det ligga på i ca 1 time. Til slutt skal garnet skyllast til det ikkje lenger kjem restfarge i skyllevatnet. No kan garnet hengast til tørk og leggast vekk litt for å verta overfarga med ein annan plante eller så startar vaskeprosessen. Det vert vaska med såpe for ull, skylla i reint vatn, så lagt i vatn med eddik for å binda fargen godt og på ny skylla i reint vatn. No er det klart til tørking og tvinning.

Valnøtter, japansk indigo, krapp og Cochenille (det siste er strengt teke ikkje ein plante, men ei lita lus som lever på kaktusar i SørAmerika og Gran Canaria) er ikkje lett å oppdriva i naturen her til lands. Me kan dyrka nokre av desse plantane sjølv, men dei vil ikkje trivast godt i vårt klima. Det er lettare å kjøpa dei.

Vaid får me til her til lands. Den gjev oss blått ved hjelp av litt magi, på same måte som indigo.

Plantane i den norske naturen gjev i hovudsak ulike grader av gult og grøngul. Med hjelp av overfarging eller formørking kan ein likevel få andre ein heil palett av fargar som grønt, orange, grått, petrolblå og mange andre. Cochenillelusa gjev alt frå mørk rosalilla til lys-lys rosa og aprikosfargar. Ved overfarging med indigo får me lilla i mange variantar.

Det går med mykje vatn i fargeprosessen, difor har me skaffa oss ein 1000 liters tank og samlar regnvatn. Denne tanken er mest alltid full og ein kan ikkje anna enn å stort sett vera takksam for alt regnet me får her på sørvestlandet.

Alt garn er skylt og vaska før salg, men det kan likevel henda at det er litt restfarge og planterestar att.