Om oss

CTEgarn er Caroline (niese på 15 år) og Tante Elin (som er mykje eldre). Me held til i Sandnes og fargar garn som du får kjøpt i vår nettbutikk her og på lageret/butikken vår i Luragata 34 i Sandnes. Me starta å farga garn då Caroline var 9 år for å testa ut korleis det virka og begge vart heilt hekta på alle fargane det var mogleg å skapa.

Me produserer små parti av kvar farge om gongen. Frå 200 gram i kvar gryte til 1000 gram. Ingen av nøstene vil verta heilt like sjølv om dei kjem frå same gryte og kvart nøste vil ha ein variasjon i fargen. Det kan lønna seg å strikka med to nøster samstundes og strikka ein omgang med det eine og den neste med det andre slik at overgangane i strikketøyet ikkje vert store.

Caroline er vore hovudfarge- og navneansvarleg. Det er òg ho som har teikna logoen vår. Tante Elin sørger for at det er garn tilgjengeleg å farga og gjer mesteparten av den litt keisame jobben etter garnet er farga, som å vaska, skylla og tvinna hesplene, setta banderolar på og legga alt ut i butikken. Ho tek seg òg av farginga med planter.

Nokre av fargane me sel er ikkje lette å gjenskapa og vil berre koma i butikken ein gong. Det er pga at me ikkje likar svinn, så me brukar alle restane i fargegrytene etter at me har farga det me hadde tenkt. Og då oppstår det ein del fargekombinasjonar som me ikkje vil klara å laga like ein annan gong. Det er en del av sjarmen med garnfarging, synest me.

Me håper at de finn fargar og garntypar de likar. Det er kanskje skummelt å kjøpa garn på nett når ein ikkje har moglegheit til å halda garnet i hendene og kjenna på det. Til informasjon i så tilfelle, er noko av garnet, som Rauma Finull og Lamullsgarn, er det same du finn i mange butikkar. Mange av dei andre garnkvalitetane er dei same som fleire av dei andre garnfargarane, som de kanskje har truffe på messer eller strikkefestivalar, brukar. Så her kan ein kombinera med garn du kanskje allereie har kjøpt hjå andre garnfargarar.

Me har eit lite lager/butikklokale i eit påbygg i eine enden av huset til Tante Elin. Her kan de koma innom og så på og ikkje minst kjenna på garnet vårt. Det er ikkje lov å ha faste opningstider når butikken er i eit privathus, men me har lov å invitera folk på besøk og folk har lov å koma på besøk etter avtale eller når Tante Elin har kontortid. Det er vanlegvis kontortid kvar onsdag 13.00 til 19.00. Inni mellom kan det henda at me må ha andre kontortider og då skal det verta gitt beskjed om på Facebook og Instagram.

Ofte fargar me ute og då er det mogleg å koma innom og sjå på om ein vil det. Dette skal òg annonserast på Facebook og Instagram i god tid. Har de moglegheit vil eg tipsa om å koma ein dag me fargar med indigo. Det er magi i praksis.

Håpar å treffa på mange av dykk i Luragata 34, 4307 Sandnes. For de som bur for langt vekke til å stikka innom: nettbutikken open heile døgnet 🙂

Lurer du på noko kan du senda epost til:

web(at)ctegarn.no