Garnbasar

Me har i hovudsak to leverandørar av garn. Den eine er Chester Wool CO i England og dei garanterer at alt garnet dei sel kjem frå dyr som vert behandla bra. Dei har sjølv vore rundt hjå dei ulike produsentane og sjekka at produksjonen foregår på ein tilfredsstillande måte.

Det er fleire av dei norske handfargarane som kjøper garnet sitt frå Chester wool, difor er det fullt mogleg å kombinera garn frå oss med garn frå andre.

Navna på garna har me gjort litt meir norske og kortare, det vart enklast sidan me skriv på banderolane for hand.

Nettsida deira finn du her:

https://www.chesterwool.com/

Den andre leverandøren er Rauma Garn. Der har me vald å ta inn to sortar. Finull og Lamullgarn. Begge er heilnorske produkt og veldig mjuke og gode og vil koma i plantefargar.

I avtala med Rauma Garn får me ikkje lov til å selga ufarga garn. Om de har lyst på kvit, må de kjøpa det hjå vanleg forhandlar av Rauma Garn. Liste over desse finn de her:

https://www.raumagarn.no/forhandlere

Det kan elles henda at det er knutar i garnet. Dette er vanskeleg å unngå og er gjort for å utnytta så mykje som mogleg av tråden som er spunnen. Utan å kunna skøyta saman trådar hadde det vore for mykje svinn i produksjonen og dette rår ikkje me over.

Me har nokon hesper frå andre leverandørar, men me kjem ikkje til å fortsetta med dei og difor er dei ikkje lista opp her. Dei ligg under Ukategoriserte i nettbutikken og info om dei kvar står på kvart bilete.


På veg ut av sortimentet

Tynn Merino (Quarter Round)

100% Superwash merino

100g/400m

Strikkefasthet 27-32 m pr 10 cm

Pinne 2,5-3,5mm

På veg ut av sortimentet

Organisk Merino (Organic DK)

100% merino

100g/225m

Strikkefasthet: 20-22 m pr 10 cm

Pinne: 3,5-4,5 mm

På veg ut av sortimentet

Tjukk Merino (Crazy Eight DK)

100% Superwash merino

100g/250m

Strikkefasthet: 20-21 m pr 10 cm

Pinne: 3-4 mm

Fluffy (Kid Silk Lace)

72% Kid mohair og 28% Silke

50g/420m

Strikkefasthet: 18-24 m pr 10 cm

Pinne: 3-5 mm

Tynn Sokk (Platinum Sock)

75% SW merino og 25% nylon

100g/425m

Strikkefasthet: 28 m pr 10 cm

Pinne: 2,5-3,5 mm

Snobb Medium (Posh Sock)

50% Non Superwash Merino Wool
50% Silke
100g/400m

Strikkefasthet: 27-32 m pr 10 cm

Pinne: 2,5-3,5 mm

Snobb sjal (Posh Lace)

50% merino ull og 50% silke

100g/800m

Pinne: 2,5-4 mm

Rauma Finull

100% Norsk ull

100g/350m

Strikkefasthet: 24-26m pr 10 cm.

Pinne: 2,5-3,5 mm

Rauma Lamullgarn

100% Norsk ull

100g/450m

Strikkefasthet: 28m pr 10 cm.

Pinnestr.: 2,5 mm

  • Ukategoriserte

Få hespler av kvar. Desse finn du i nettbutikken under fana ukategorisert.