Bestilling
Ved bestilling av varer vil me vanlegvis i løpet av 1-2 virkedagar pakka og senda ordren. Bestilling på fredag vil ikkje verta pakka før på måndagen etter. Bestilling dagen før heilagdag vil verta pakka på første virkedag etter.
Angrerett/retur av varer
Det er alltid lov å ombestemma seg. Om du i løpet av 14 dagar etter du har motteke varene, tek kontakt med oss og sender varen i retur i den stand han kom til deg, får du pengane att når varen har kome attende til meg. Returporto står kjøpar sjølv for. Me ønsker at de då brukar Norgespakke med sporing for å vera sikker på at varene ikkje forsvinn i posten. Skriv ut angrerettsskjema, fyll det ut og legg det ved.
Angrerettskjema finn du her:
Porto i Noreg
Me har fire portoalternativ. Desse kan de velga mellom ved utsjekk av handlekorga.
- Gratis ved henting. Kan hentast på lageret onsdagar 13.00-18.00 eller etter avtale. I Luragata 34 i Sandnes.
- 73kr utan sporing. (Liten Norgespakke)
- 135kr med sporing. (Norgespakke)
- Gratis ved bestilling over 1500 kr. (Norgespakke/liten Norgespakke)
Me brukar Posten når me sender ut varene og Posten skriv på sine sider at dei har ei frakttid på 2-3 dagar når det gjeld brev/småpakkar og når ein sender Norgespakkar 0-35 kg har dei ei leveringstid på 1-3 dagar.
Sending til Danmark, Sverige, Nederland og UK
Me har no opna for salg til nokre utvalde land. Me brukar Posten Noreg til å senda pakkane og foreløpig har me vald ein fastpris på alle bestillingar. Alt av fortolling og eventuelt andre avgifter i forbindelse med import av varer frå Noreg står kunden ansvarleg for.
79,- for alle pakkar