Skip to main content

Om oss

CTEgarn starta som eit samarbeid mellom Caroline (niese som då var 9 år) og meg, Tante Elin (som er mykje eldre). Begge to er glade i fargar og kreative prosessar og likte å jobba i lag. I dag er det berre eg som fargar. Caroline har vorte så gamal at ho skal bruka tida si på skule og vener. Ho skal sleppa å vera i lag med gamle tanter. Eg ringer framleis til ho og spør om råd til fargekombinasjonar og framleis er fargane ho blanda blant dei mest populære fargane i sortimentet mitt.

Eg held til i Sandnes og fargar garn som du får kjøpt både i nettbutikken og på lageret/butikken i Luragata 34 i Sandnes.

Eg produserer små parti av kvar farge om gongen. Frå 200 gram i kvar gryte til 1000 gram. Ingen av hespa vil verta heilt like sjølv om dei kjem frå same gryte og kvart nøste vil ha ein variasjon i fargen. Det kan lønna seg å strikka med to hespe samstundes og strikka ein omgang med det eine og den neste med det andre slik at overgangane i strikketøyet ikkje vert store.

Caroline har vore hovudfarge- og navneansvarleg heilt sidan me starta, eg har aldri fått til dette med namn på fargane. Det er alltid stor fare for at nye fargar vert liggande i vekevis utan å koma ut i nettbutikken, fordi eg ikkje klarar å finna på kva dei skal heita. Då vert det teke telefonar til Caroline og så er den saken fiksa.

Det er òg ho som har teikna logoen vår. Eg elskar han.

Nokre av fargane eg sel er ikkje lette å gjenskapa og vil berre koma i butikken ein gong. Det er pga at eg ikkje likar svinn, så alle restane i fargegrytene vert brukt etter at den planlagte fargeøkta er fullført. Då oppstår det ein del fargekombinasjonar som det ikkje vil gå å laga like ein annan gong. Det er en del av sjarmen med garnfarging, synest eg.

Eg har eit lite lager/butikklokale i eit påbygg i eine enden av huset til mitt. Her kan de koma innom og sjå på og ikkje minst kjenna på garnet. Det er ikkje lov å ha faste opningstider når butikken er i eit privathus, men eg har lov å invitera folk på besøk og folk har lov å koma på besøk etter avtale eller når eg har kontortid. Det er vanlegvis kontortid kvar onsdag 13.00 til 17.00 og tordagar 12.00-16.00. Inni mellom kan det henda at det må vera andre kontortider og då skal det verta gitt beskjed om på Facebook og Instagram.

Ofte fargar eg ute og då er det mogleg å koma innom og sjå på om ein vil det. Dette skal òg annonserast på Facebook og Instagram i god tid. Har de moglegheit vil eg tipsa om å koma ein dag eg fargar med indigo. Det er magi i praksis.

Håpar å treffa på mange av dykk i Luragata 34, 4307 Sandnes. For de som bur for langt vekke til å stikka innom: nettbutikken open heile døgnet 🙂

Lurer du på noko, kan du sende e-post til meg eller bruke skjemaet på kontaktsida